top of page

DØNHAUG GARD

Garden ligg høgt og fritt med panoramautsikt over bygda, fjella, dalen og Hardangerfjorden.

Garden drives som ein gjestegard og tilbyr overnatting i idylliske omgivnader.

Garden er også sentrum for større kulturelle tilstellingar, som konsertar, låvedans og pub-kveldar.

.

Overnatting Gamlahuset

Det eldste gardshuset frå 1900 er rehabilitert, der me har teke vare på huset sitt særpreg. Her er det 6 doble soverom, i tillegg kan det setjast inn ekstra senger på tre av romma. Stort kjøkken, stove og to bad. Eignar seg godt for familiar som ferierer i lag. Gjestene steller seg sjølve.

Dønhauglåven

Selskapslokale med plass til ca 400 gjester (ca 250 spisegjester). Denne vert nytta til større låvedansar med kjende orkester.

​

I sommarmånadene vert låven også benytta til bryllup.

Dønhaug - kjedlaren

Pub/selskapslokale med plass til ca 70 gjester. Ligg i kjellaren på det eldste våningshuset. Eignar seg godt til selskap, firmaturar, møtelokale m.m. Kjellaren har særpreg, med eit spesielt inventar og stor open gruve. Her vert det også arrangert pubkveldar med musikk og underhaldning.

 

Lokala vert også leigd ut til private arrangement i samband med geburtsdager, konfirmasjon, frimaturar og lignande.

bottom of page